Gå til hovedinnhold Gå til footer

Korleis handtera sosiale media når nokon døyr?

Det kan vere tungt å slette sosiale media til nokon ein er glad i, og mange er usikre på korleis dei skal gå fram for å handtera den digitale arva. Her finn du råd og rettleiing på korleis du kan gå fram.

DIGITALT DØDSBO: Etterlatne må stadig oftare rydde opp i det digitale dødsbuet, og altfor få tenkjer over, og er førebudd på korleis dei skal handtera den digitale arva. Foto: iStock

Den digitale arva er meir enn berre sosiale media. Bilete, dokument og andre filar ligg ofte låst på ein iPad, mobil eller PC og medfører at etterlatne ikkje får tilgang. Dette er noko den enkelte sjølv, og pårørande bør førebu seg på.  

– Vi lever stadig meir digitalt og har bilete, dokument og kontoar spreidd på mange apper og tenester på nett, og sjølv om ein går bort fysisk, så vil det digitale livet fortsetja å «leva», og altfor få er førebudd på den digitale arva, seier dagleg leiar Marit Karin V. Haukeland i Nordhordland Begravelsesbyrå.

Nymarit Karin Rundny Min

– Det å snakke med dine næraste om korleis dine digitale kontoar skal handterast ved dødsfall, vil vere ein god start, understrekar Marit.

Digitalt dødsbu

­­– Å rydde i det digitale dødsbuet er tungt midt i sorga, og sjokket over å ha mista ein av sine næraste. Mange har erfart at det ikkje er enkelt å handtere ein plutseleg bortgang. Det kan vera utfordrande å få oversikt og rettmessig tilgang gjennom brukarnamn og passord, seier Marit.

Her er nokre råd for korleis du kan gå fram for å handtere det digitale fotavtrykket:

Bruk testamentet

Det tryggaste vil vere å gje nokon som står deg nær ein tilgang til å innhente all nødvendig påloggingsinformasjon etter at ein er død, og vi oppfordrar derfor til ein samtale med advokat for å få ordna dine digitale rettigheiter og eigedelar, som vert regulert  i eit testamente.

­– Dette vil vera ein ryddig måte å avslutte det digitale livet, og samtidig enklast for dei etterlatne, seie Marit.

Avslutning av sosiale media

Nordmenn lever stadig meir digitalt og har kontoar på ulike sosiale media, og nedanfor gjev vi linkar med rettleiing til korleis kan få sletta kontoar på sosiale media. For å få dette til må ein kunne dokumentere at ein er i nær slekt med avdøde, og kunne vise til ei offentleg stadfesting på dødsfallet, eller ein skifteattest. 

Her finner du linkar til korleis du kan avslutte dei mest vanlege sosiale media

Slik slettar du avdøde fra Facebook

Slik slettar du avdøde fra Instagram

Slik slettar du avdøde fra Twitter

Slik slettar du avdøde fra Snapchat

Slik slettar du avdøde fra LinkedIn

Treng du råd frå andre sosiale media, kan du finne dette på Slettmeg.no, kor du kan søkje etter media du treng hjelp med.

Offentlege register

­­Når nokon døyr, må ein lege skriva legeerklæring om dødsfall og melda dødsfallet til Folkeregisteret. Det er kun offentlege etatar og finansføretak med hjemmel i eiga lov, som kan hente ut denne opplysninga frå Folkeregisteret, for å senda informasjon til avdøde sitt dødsbu.

Når ein person døyr, vert adressa automatisk fjerna i Folkeregisteret. Det vert derfor ikkje sendt ut skattemelding med mindre det er registrert ein kontaktperson for avdøde i Folkeregisteret. Informasjon om skattemelding og skatteoppgjer for avdøde, finn du her

Kva skjer med bankforholdet?

Ved dødsfall er nettbanken sperra inntil det føreligg ein skifteattest. Pengar avdøde har på konto blir sperra for uttak, også for personar som har hatt tilgang til kontoar. Kontoane vert opne for innbetalingar. Rekningar til nødvendige gravferdssutgifter,  utanom utgifter til gravstein, kan betalast frå avdøde sin konto før skifteattest føreligg.

Korleis kan eg finna ut kva forsikringar avdøde hadde?

På norskpensjon.no for etterlatne kan ein finne ut om avdøde hadde livsforsikring og pensjonar. Du kan også ta kontakt med forsikringsselskapet eller pensjonsselskapet der den avdøde var kunde

Altinn dødsbo

Altinn dødsbo skal bli ei heildigital teneste, og skal gjera det lettare for etterlatne å rydda opp i økonomien. Målet er at dei kan henvenda seg ein stad, og få full oversikt over kva for økonomiske avtalar den avdøde hadde. Til dømes om køyretøy, eigedom, formue, gjeld og skatteopplysningar.

Altinn dødsbo er eit samarbeidsprosjekt mellom Finans Norge, Skattedirektoratet, Brønnøysundregisteret og Digitaliseringsdirektoratet. Dei begynte arbeidet i juni 2020. Målet er å ha eit opplegg klart til test i første kvartal av 2023.