Gå til hovedinnhold Gå til footer

Korleis skriv du ein nekrolog?

Kva minneord skal du skrive på Facebook eller i avisa?

LA MINNE LEVE: Ein god nekrolog hedrer den avdøde og kan inspirere dei som les den.

Kanskje har du ein ven, kollega eller kjenning som er død, som du tenkjer at fleire burde få vite noko om? Enten du vil publisere noko i sosiale media eller i avisa, er det lurt å tenkje gjennom korleis du kan summere og bringe vidare eit heilt liv på relativt kort plass.

– Ein nekrolog er ein fin måte å bringe vidare engasjement og interesser til den avdøde på. Alle menneske har ei historie det er verdt å fortelje noko om, seier dagleg leiar Marit Karin V. Haukeland i Nordhordaland Begravelsesbyrå.

Enten det er på din eigen Facebook-side, i verksemdas intranett eller eit tidsskrift, er målgruppa menneske som ikkje kjende avdøde. Slik skil teksten seg frå ein tale i gravferda, eller frå det du skriv direkte til pårørande.

Men korleis skriv du ein nekrolog?

Kva er ein nekrolog?

Ein nekrolog er ein offentleg tekst om ein person som er død. Teksten står vanlegvis i ei avis, men den kan også vere på sosiale media. Nekrologar blir også kalla minneord. Ein nekrolog blir vanlegvis publisert relativt kort tid etter dødsfallet.

Ein nekrolog inneheld alltid namnet til den som er død, og er oftast ein liten biografi. Den kan også innehalde historiar, dikt eller andre element.

Avisene publiserer gjerne nekrologar over kjende menneske, og nokre av disse nekrologane er ferdigskrivne på førehand. Dei fleste nekrologane er over «vanlege menneske». Kven som helst kan skrive ein nekrolog og publisere den på internett. Det er opp til avisredaksjonane kva nekrologar dei tar inn.

Kva er forskjellen på ein nekrolog og ei dødsannonse?

Ei dødsannonse er ei offentleg annonsering av at ein person er død, og blir bestilt av næraste pårørande.

– Vi i gravferdsbyrået hjelper dei pårørande med å utforme dødsannonsa. Annonsa inneheld namn, fødsels- og dødsdato, pårørande-namn og informasjon om gravferda. Ein kan også velgje å ta med dikt eller andre tekstar. Dødsannonser blir publisert i avisa og på minnesida, seier Marit.

Ein nekrolog er gjerne skreve av andre enn næraste pårørande. Det kostar ikkje pengar å publisere nekrologar i avisa, slik det gjer for dødsannonsar, men avisa sin redaksjon vel kva nekrologar dei ynskjer å publisere. Nekrologar kan publiserast i sosiale media, tidsskrifter (gjerne innan feltet avdøde arbeide) og aviser.

Nymarit Karin Rundny Min

Å VELJE DEI RIKTIGE ORDA: ­– Å skrive kan vere viktig i sorgarbeidet, seier Marit.

Kvifor vil ein skrive nekrolog?

– Å skrive ein nekrolog er ein fin måte å hedre den avdøde på. Dei fleste pårørande blir glade når nokon fortel offentleg om den dei var glad i, seier Marit.

Ein nekrolog bidrar til at personen, vedkomande sitt virke og dødsfallet blir kjend for fleire. Dette kan særskilt vera aktuelt for å løfte fram ein person sitt arbeidsliv, engasjement og interesse. Gjennom dette kan nekrologen bidra til å fortelje ein historie som er større enn det enkelte livet.

– I tillegg kan det å skrive vera viktig i sorgarbeidet. Når ein vel ut dei riktige historiane og orda, tenkjer ein også gjennom minna ein har. Vi ser at mange likar å snakke om den som er død, og reflektere over betydninga av vedkomande sitt liv, seier Marit.

Det er ikkje nødvendig eller pålagt at nokon må skrive nekrolog.

Å fortelje om den som er død, er ein måte å la ettermælet leve vidare. I Håvamål, ein samling av oldnordiske visdomsord, står det:

Fe dør,
frender dør,
en sjøl dør på same vis;
men ordets glans
skal aldri dø
i ærefullt ettermæle.

INGEN FASIT: Vi er alle ulike. Det er derfor heller ingen bestemt måte ein nekrolog må utformast på.

Kven kan skrive ein nekrolog?

Nekrologar blir vanlegvis ikkje skrive av næraste pårørande, men av vener og kollegaer. For offentlege personar kan det være menneske som ikkje kjende den avdøde.

– Det viktigaste er at nekrologen blir skreve av nokon som har noko å fortelje, og som ynskjer å skrive ein god tekst, seier Marit.

Når fleire skriv saman, kan det fort bli «minste felles multiplum». Det er lurt å hente innspel og få tilbakemeldingar frå fleire, og då kan ein godt skrive fleire namn under, sjølv om ikkje alle har skreve nøyaktig like mykje.

Når bør ein ikkje skrive nekrolog?

– «Om du ikkje har noko fint å seie, treng du ikkje seie noko i det heile tatt» er ein god tommelfingerregel. Det betyr ikkje at du skal lyge eller berre skrive positive ting, men du bør tenkje deg om viss det er konfliktar, seier Marit.

Dersom du er usikker på om pårørande tykkjer det er i orden at du skriv ein nekrolog, kan du spørje.

– Det kan være ulike omsyn å ta. Nokon ynskjer ikkje oppmerksemd, andre gongar er det konfliktar, eller det er spesielle ting i samanheng med dødsfallet. Rett etter eit dødsfall er det mykje dei pårørande skal forhalde seg til, og derfor kan du gjerne vente nokre dagar før du tar kontakt angåande det som ikkje gjerast, seier Marit.

Nokre skrivetips for nekrologar

  • Unngå flosklar og store ord.
  • Fortel gjerne noko som gir liv til historia, og ikkje berre glansbilde.
  • Unngå adjektiv og fortel heller historiar.
  • Vel nokre anekdotar, heller enn oppramsingar.
  • Fokuser på den avdøde, og kva denne interesserte seg for. Ein nekrolog er ikkje staden for å snakke mykje om seg sølv.
  • Tenk at dette skal lesast av mange som ikkje kjende avdøde. Unngå interne referansar.
  • Sjekk med pårørande om du er usikker på kva du kan skrive om privatliv, sjukdom og dødsårsak.
  • Dersom du skal sende det til avisa, forhold deg til grense for tekstlengde.

Vi har lang erfaring med å hjelpe.

Ta kontakt med oss for fleire råd.