Gå til hovedinnhold Gå til footer

Kva er ei livssynsopen gravferd?

Gravferd etter Den norske kyrkja si ordning er enno mest vanleg, men stadig fleire har blitt klar over mogelegheita for ein livssynsopen gravferd. Dette er også blitt meir vanleg. Kva er så ei livssynsopen gravferd?

– Vi er vane med å ta regien ved store hendingar i livet som dåp, konfirmasjon og bryllaup, men også for å markere livets slutt. Dei etterlatne ynskjer større påverknad i utforminga av seremonien, som i større grad speilar personen som blir gravlagt, seier dagleg leiar Marit Karin V. Haukeland i Nordhordland Begravelsesbyrå.

I Gravferdslova §1 står det at «Gravlegging skal skje med respekt for avdødes religion eller livssyn». Når eit menneske døyr er det den som har ansvar for gravferda som avgjer om det skal være seremoni, og om det skal vera ein religiøs eller ein livssynsopen seremoni.

Ikkje alle er klar over at det er mogeleg å ha ein seremoni utanom Den norske kyrkja, eller andre trus- og livssynssamfunn.

Meir likt enn ulikt

Livssynsopen gravferd liknar ein seremoni etter kyrkjas ordningar. Forskjellen består i at ved ein livssynsopen seremoni er det ingen krav til salmesong eller fastlagte ritual. Familien kan fritt velgje musikkinnslag, dikt, minneord og anna innhald som speilar den avdøde sitt liv.

Nymarit Karin Rundny Min

VIKTIG MED GOD DIALOG: Å setje saman ein seremoni ved gravferd kan være krevjande, og difor er det viktig med god dialog for å kunne gje informasjon, råd og praktisk hjelp til gjennomføringa.

– Seremonien kan til dømes gjennomførast i eigne seremonirom. Den kan også føregå heime i stova, på hytta eller ved sjøkanten, seier Marit Karin.

Statistikk frå Den norske kyrkja syner at nærmare 85 prosent av alle norske gravferder blei arrangert i deira regi i 2021. Andelen nordmenn som kallar seg kristne er langt lågare enn 85 prosent, og det er derfor rimeleg å tru at antal gravferder i regi av Den norske kyrkja vil gå ned dei næraste åra. Sjølv om stadig fleire vel livssynsopne seremoniar, er det endå lite kjent i befolkninga mange stadar, og difor kan det ta tid før vi ser dei store endringane.

– Når etterlatne står midt i sorga, og er i en krevjande situasjon, vel dei ei seremoniform som dei er kjend med. Vi i gravferdsbyrået vil då hjelpa til med å finne eit passande lokale for seremonien, seie Marit Karin.

Byrågruppen Heder er eit fellesskap av familieeigde gravferdsbyrå, og tar hand om omlag 25 prosent av alle dødsfall i Noreg. Dei fleste stadar er kyrkjeleg gravferd mest dominerande, men byråa i Heder erfarer auka etterspurnad etter livssynsopne seremoniar.

– Ei gravferd er personleg uansett kva form du vel. Difor legg vi stor vekt på å ha god dialog med dei etterlatne for å få fram deira ynskjer for seremonien. Her og ynskjer for å bruke ulike tru- og livssynssamfunn, som Den norske Kyrkja, Human-Etisk Forbund eller andre, seier Marit Karin.