Om Nordhordland Begravelsesbyrå
Nordhordland Begravelsesbyrå vart starta av Marit Karin Haukeland for snart 40 år sidan, heime på garden Haukeland, Radøy, før ho fekk kontor på Manger. I dag ligg hovudkontoret i Alversund, i tillegg er det kontor på Frekhaug og på Vaksdal.
Me arbeidar mest i Nordhordland / Vaksdal og i kommunane rundt ( Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Vaksdal, Samnanger, Voss)
Alle som arbeider i byrået bur i distriktet, og er oppteken av lokale tradisjonar og historie. Med lang erfaring frå bransjen har me brei lokal kjennskap i dei ulike kommunane, og me ynskjer å vera ein tryggheit for alle pårørande som me møter på vår veg.
Foto: Morten Sæle
I 2017 starta me opp ein avdeling i Vaksdal kommune. Når avdelinga blei starta blei den drifta av Ann-Elin Mjelde Gullbrå og far hennar Einar Mjelde. Når Einar blei pensjonist tok den andre dottera hans over stafettpinnen.
I dag er det søstrene Marit Mjelde Alvheim og Ann-Elin Mjelde Gullbrå som er den lokale avdelinga på Vaksdal. Men me andre er også å hjelper til, slik som dei er på kontoret hos oss i Alversund og på Frekhaug.
Foto: Morten Sæle
Ein av dei tinga som skil oss frå andre byrå er at me har eige blomsterbinderi.
Fleire av dei som hjå oss har sitt virke som gravferdkonsulentar er også blomsterbindara. Så her er det kort veg mellom dei ulike ledda.. Det er ikkje få kistedekorasjonar, hjarter, kransar og anna sorgbinderi som har blitt laga av oss gjennom alle desse åra. Dette er ærefulle oppdrag, og alt frå oss vert laga med kjærleik og omtanke. Frå januar 2025 har me og inngått eit samarbeid med Solgul i Sløvågen. Me vil vera eit naturleg val og for pårørande i Gulen / Masfjorden.
Via vår nettbutikk er det enkelt å bestilla blomar til dei ulike seremoniane. Frå oss kjem det alltid friske blomar, som passar til det som familien har valt.
Me er medlem av Virke, som er eit kvalitetsstempel. Våre folk vert kursa og oppdatert på ting som skjer i bransjen.
Dei siste fem åra har me vært ein del av byrågruppa Heder. Felles for alle Heder-byråa som er sprett over heile landet er at dei er lokal og familie-eid, der alle har mange års erfaring i bransjen. Det er ein tryggheit for lokalsamfunnet og ikkje minst for arbeidsplassane våre. Det er altfor mange byrå som vert kjøpt opp av kjeder og investeringsselskap.
I dag er det neste generasjon som har teke over drifta av begravelsesbyrået. Marita, datter av Marit Karin er i dag daglig leiar og leier byrået inn i fremtida med god lokal forankring.
For oss i Nordhordland begravelsesbyrå er det viktig å gjera ein forskjell for kvar enkelt av våre kundar. Ingen er like i livet, derfor er alle seremoniar ulike og. Me strekk oss langt for at folk sine ynskjer og behov skal bli gjennomført, innanfor dei rammene ein vel.
Me arbeidar kvar dag med å laga noko fint utav noko trist.
Foto: Morten Sæle