Gå til hovedinnhold Gå til footer

Arv og skifte

Når eit menneske døyr skal buet, dvs midlar og gjeld etter vedkomande, gjerast opp. Å ta stilling til dette er for mange ein bøyg, som eit digert fjell å bestiga, med mange ukjende ord og uttrykk. Det kan vera vanskeleg å vita kvar ein skal starta og kvar ein skal henvenda seg først. Me er ikkje juristar, men med lang erfaring har me god kjennskap til systemet og kan vera guide i eit ukjend landskap. Under kan du lesa meir om prossess rundt arv og skifte, og om ulike måtar skifte kan utførast på.

Utfylling og levering av skiftepapir

Skiftepapir skal leverast innan 60 dagar frå dødsfallet. Det går an å søkja om utsetjing, men me rår dei etterlatne til å ta tak i dette jo før jo heller. I samband med eit dødsfall er det uansett mykje papirarbeid. Det er godt for dei fleste at dette vert teke hand om og unnagjort, i staden for å skyva det foran seg.

Ved å lytta til dei etterlatne og forstå familekonstellasjonar, kan me hjelpa med å koma nokre steg vidare i riktig retning.

Me veit at med ein gong ein tek kontakt med advokatkontor løper kostnadane fort, og dermed er det fint at dei etterlatne har førebudd og fylt ut det dei kan før dei eventuelt tek dét steget.

Me veit ofte kva som bør leggast ved av informasjon. Me erfarer at ved å få litt veiledning på dette finn arvingane ofte ut av det på eiga hand.

Nokre gonger er det likevel slik at buet er svært komplisert eller uoversiktleg. Arvingane kan vera ueinige, ein kan ha ufullstendig oversikt over alle arvingar eller det det kan vera andre forhold som gjer at det er riktig å involvera advokat.

Ulike måtar å skifta buet

Privat skifte

I Noreg, i motsetning til mange andre land, er det vanleg å skifte buet privat.

Å skifta buet privat vil enkelt seia at arvingane tek på seg ansvaret med å sjølve gjera opp, utan innblanding frå det offentlege. Arvingane tek på seg både gjeld og formue.

Ordninga er basert på tillit. Arvingane skriv under på at dei tek over buet. Det er vanleg å gje ein i arvegruppa fullmakt til å ordna det praktiske i buoppgjeret.

Denne ordninga er kostnadsfri, men krev eigeninnsats.

Offentleg skifte

Dersom det ikkje er tillit i arvegruppa, ingen vil påta seg arbeidet med buoppgjeret, buet er komplisert eller liknande, kan ein velja offentleg skifte.

Ofte då vert ein advokat oppnevnt som bubestyrar.

Dette er relativt kostbart og tidkrevjande. For nokre er det likevel det rikige å gjera.

Uskifte

Å sitja vidare i det som vert kalla uskifte er noko ein gjenlevande ektefelle har rett til så lenge det ikkje er særkullsbarn. Ein treng ikkje godjenning frå felles barn for å velgje dette.

Ved å sitja i uskifte forvaltar den gjenlevande ektefellen fars- eller morsarven til barna utan å måtte dela ut arv. Arveoppgjeret vert utsett til den gjenlevande går bort.

Det er fleire begrensningar ved denne ordninga, men for mange, helst godt vaksne, er dette ei god løysing.

Bu med liten verdi

I dei høva der verdien i buet er antatt å vera svært avgrensa, kan ein nytta ein forenkla framgangsmåte: Erklæring om oppgjer av dødsbu av liten verdi.

Tingretten kan gje fullmakt til den som syter for gravferda til å ta hand om buet. Den som får fullmakt må gjera opp rekningar og gjeld etter beste skjønn, innanfor midlane i buet.

Gravferdsutgiftene skal dekkast før anna gjeld.

Nyttige lenker

Meir om arv og skifte kan ein blant anna finna her:

Kontor inne E hender.jpg