Gå til hovedinnhold Gå til footer

Gravstein

Det er fint å få setta opp eit minnesmerke på grava til den som er gått bort.

Stord begravelsesbyrå samarbeider med solide leverandørar. Brødrene Strand Stenhuggeri, som er vår hovedleverandør, er kjent for flotte gravminne, og har tanke for både detaljar, service og pris.

Bestilling av gravstein

Kvar enkelt gruppe av pårørande står fritt til å bestilla stein hjå den leverandøren dei sjølv ønskjer. Me tek gjerne ein prat med dykk om det som har med gravminne å gjera, og de kan be oss om skisse og pris.

Vedlikehald av gravstein

Etter ei tid treng ei gravstøtte gjerne noko vedlikehald, samt at monumentet vil kunne koma ut av stilling grunna jordsmonnet. Gravstøtter som ikkje er heilpolert vil gro seg til, og vér og vind tærer på namn og datoar. Då vil mange vil ønskja ei oppgradering. Me rettar opp mange steinar i løpet av året. Ta kontakt med oss, så kan me hjelpa deg med dette!

Ved dødsfall og gravferd utan tradisjonell grav

Oskespreiing

I staden for gravlegging av urna, kan ein søkja Statsforvaltaren om å spreia oska til avlidne. Kor og korleis ein kan spreia oska er regulert i gravferdslova, § 20, men kort oppsummert gjeld følgjande:

  • Ein person over 15 år kan søkja for seg sjølv.
  • Pårørande kan søkja etter vedkomande sin død, så lenge ein veit at dette var vedkomande sitt ønskje.

Ein søkjer til statsforvaltaren via eige skjema i den kommunen der spreiinga skal skje.

Ein gjer greie for kor oskspreiinga skal gå føre seg, helst med merka kart lagt ved.

Det er ikkje lenger er eit krav om at spreiinga skal skje «utaskjærs». Det er likevel eit krav at staden har tilstrekkeleg aude preg, dvs ikkje tett opp til fritidsbusetnader, strender og liknande.

Det er viktig å vita at ein ikkje har høve til å setja opp minnesmerke/ gravminne når oska skal spreiast. Ein har heller ikkje love til å dela urna, slik at noko vert spreidd og noko gravlagd.

Meir om oskespreiing kan ein lesa om hos statsforvaltaren.

Namna minnelund

Mange kommunar tilbyr minnelund som eit alternativ for dei som vel kremasjon. Ei namna minnelund vil seia at ein i staden for ein tradisjonell gravstad med gravstøtte, kan få bestilla ei minneplate i bronse. Bronseplata inneheld namn, fødselsdato og dødsdato til den avlidne, og vert festa på ein minnevegg.

I Stord kommune er minnelunden på Frugarden gravplass. Gravlegging av urna skjer på urnefelt nær minnelunden, og pårørande får tilbod om å vera tilstades ved urnenedsettinga om dei vil.

Mange synest at dette er eit fint alternativ, og me trur me vil sjå meir av det i tida framover.

Anonym grav

Ved anonym gravlegging er det kun gravplassmyndigheten som veit kor grava er. Ei anonym grav kan ikkje festast og det er heller ikkje høve til å setja opp minnesmerke/gravstøtte.

Spørsmål om grav og gravminne?

Ta kontakt, så lyttar me til spørsmål og ønskje og hjelper deg så godt me kan.