Gå til hovedinnhold Gå til footer

Personvern

NB: Denne sida er under oppdatering i desse dagar. Me nyttar per i dag ingen andre cookies enn dei nødvendige frå Squarespace.


Nedanfor kan du lesa om korleis me bruker informasjonskapslar på denne nettstaden, og om korleis me samlar inn og handterer opplysningar som er nødvendige for samhandling mellom kunden og Stord begravelsesbyrå. Les vidare dersom du vil vite mer om dette.

Opplysningar om eigaren av nettstaden

  • Namn på føretaket: Store Begravelsesbyrå L A Milje
  • Dagleg leiar: Leif Arne Milje
  • Adresse: Sæ 20, 5417 Stord
  • Telefonnummer: 534 16 405
  • E-post: post@stordbb.no
  • Organisasjonsnummer: 927 428 989

Informasjonskapslar (cookies)

Informasjonskapslar, også kalt cookies, er små tekstfiler som blir plasserte i nettlesaren du nyttar for forbetra funkjsonalitet og/eller til analyse og marknadsføring.

Du kan du blokkera og/eller tillata cookies gjennom innstillingane dine i nettlesaren. I dei fleste nettlesarar er automatisk aksept av cookies standardinnstillinga. Les meir om korleis du endrar dette på nettvett.no.

På denne sida skil me mellom cookies me sjølv nyttar og cookies frå tredjepartar.

Cookies me sjølv nyttar

Funksjonalitet

Dette er cookies som er naudsynte for drift av sida, og er gitt av publiseringsplattforma Squarespace, som me nyttar for nettstaden vår. Desse kan ikkje veljast bort.

Analyse

Me nyttar Google Analytics 4 til å analysera bruken av nettstaden. Google Analytics nyttar cookies som samlar informasjon om besøket ditt på nettstaden vår, blant anna IP-adresse. IP-anonymisering er imidlertid slått på som standard for Google Analytics 4, og du som enkeltbrukar kan derfor ikkje identifiserast. Slik gir analysen frå Google gir oss verdifull, anonym informasjon om korleis sida vår blir brukt.

Marknadsføring

Me nyttar også Google Analytics til marknadsføring ved å la Google målretta annonser frå oss ved besøk på nettstaden vår. Dette skjer også ved hjelp av informasjonskapslar som vert sett i nettlesaren din. Du kan lesa meir om korleis Google nyttar informasjonskapslar for marknadsføring her.

Cookies frå tredjepartar

Sidene våre er tilknytta Adstate si teneste Våre Minnesider. Når du går inn på Våre Minnesider, får du derfor spørsmål om å akseptera eller avslå deira cookies.

Her er ei oversikt over cookies me nyttar:

Frå Squarespace for funksjonalitet:

  • RecentRedirect: Forhindrar omdirigering av sløyfer for tilpassa URL-viderekoblingar, varer: 30 minutter
  • Test: Undersøkjer om nettlesaren støttar informasjonskapslar og hindrar feil, varer: økt
  • Crumb: Hindrar såkalla cross-site request forgery (CSRF), varer: økt.

Frå Google Analytics: Les om informasjonskapslane Google Analytics nyttar her.

Handtering av personopplysningar

Forutan gjennom cookies (sjå eige avsnitt over), tek me ikkje inn andre personopplysningar på denne nettstaden enn dei du eventuelt sjølv legg igjen i kontaktskjemaet vårt.

Me ber om at du ikkje oppgir sensitiv informasjon i kontaktskjemaet, då dette er opplysningar som vert sendt via e-post. Me gjer merksam på at e-post vert sendt ukryptert og er difor ikkje eigna til sending av fortrulege eller sensitive opplysningar.

Epost-forbindelsen i kontaktskjemaet går via Squarespace sine serverar i USA. Me har databehandlarhavtale med Squarespace, og dei er forplikta til å handsama personopplysningar motteke frå EØS på ein måte som møter EU-kommisjonen sine standardkontraktsklausular. Du kan lesa meir her.

Dersom du tek kontakt via kontaktskjemaet vårt, blir dei opplysningane du gir der lagra i systemet vårt så lenge det er hensiktsmessig for oss, slik at me skal kunne gje deg så god service og oppfølging som mogleg. Me sel aldri desse opplysningane, og deler dei heller ikkje med tredjepartar.

Ansvarleg for handtering av opplysningane

Dagleg leiar i føretaket, Leif Arne Milje, er ansvarleg for handteringa av personopplysningane me samlar inn i samband med nettsida vår. Me gjer det me kan for å følgja reglane som gjeld til ei kvar tid.

Dine rettar

Regelverket gir deg rett til innsyn, retting og sletting av personopplysningene me har lagra om deg. Kontakt dagleg leiar dersom du ønsker dette eller dersom du har spørsmål.