Gå til hovedinnhold Gå til footer

Song og songark til gravferd

Mange opplever at allsong skaper ei fin ramme rundt gravferda. Men kva skal ein synga?

Nedanfor svarer me på nokre vanlege spørsmål kring det med allsong, og me har laga lister med nokre av dei salmane og songane me ser blir mykje brukt. Du finn også informasjon om songark.

Ved kyrkjeleg gravferd

Kven bestemmer kva for songar som skal nyttast?

Dei etterlatne kjem med ønsker om kva songar dei vil skal nyttast. Ein tar gjerne utgangspunkt i Norsk salmebok eller Sangboken.

Kor mange songar bør me ha?

I gravferdsliturgien for den norske kyrkja er det i utgangspunktet tre salmar inne og ei ute ved grava.

Kva kan ein ta utgangspunkt i når ein vel songar?

  • Årstidene eller kyrkjeåret: Fleire tek omsyn til årstider eller kyrkjeåret når songar skal velgast. Til dømes vert No livnar det i lundar mykje brukt på vår og tidleg sommar, medan julesalmar naturlegvis vert meir brukt nær desember.
  • Songar som betydde mykje for den avlidne eller dei næraste
  • Songar som seier noko om den stoda ein sjølv er i.
  • Voggesongar, kveldsbøner og liknande gjev óg ein trygg gjenklang.

Nokre vanlege salmar ved gravferd i kyrkja

Alle salmane nedanfor finn du i Norsk salmebok. Nummera framfor kvar salme er nummeret den har i salmeboka. Der kan du slå dei opp om du vil sjå nærare på teksten. Om du ikkje har ei salmebok tilgjengeleg vil du i mange høve kunna finna teksten på nett om du søkjer på tittelen. Me har sjølvsagt alle tekstar tilgjengeleg og sørger for tekstar til songarka når dei blir bestilt gjennom oss.

  • Alltid freidig når du går nr. 415
  • Blott en dag (svensk eller bokmål) nr. 489
  • Bred dine vide venger (svensk eller nynorsk) nr. 819
  • Deg være ære nr. 197
  • Deg å få skode er sæla å nå nr. 482
  • Deilig er den himmelblå nr.90
  • Deilig er jorden nr. 48
  • Djupe stille sterke milde/ Dype stille sterke milde nr. 570
  • Du som veien er og livet nr. 643
  • Døden må vike for Gudsrikets krefter nr. 209
  • Eg er ein gjest i verda nr. 889
  • Eg veit i himmerik ei borg nr. 882
  • Ein fin liten blome i skogen eg ser nr. 492
  • Fager kveldsol smiler nr. 817
  • Ikke en spurv til jorden nr. 324
  • Ingen er så trygg i fare/ ingen er så trygg på ferda nr. 488
  • Ja, engang mine øyne skal nr. 895
  • Jeg er en seiler på livets hav nr 893
  • Jeg er i Herrens hender nr. 494
  • Jeg synger meg en blå, blå salme nr. 832
  • Kjærlighet fra Gud springer like ut nr. 651
  • Lei, milde ljos nr. 858
  • Ljos over grav somlivsvoni gav nr. 198
  • Lær meg å kjenne dine veie nr. 319
  • Med Jesus vil eg fara nr. 419
  • Mitt hjerte alltid vanker nr.38
  • Måne og sol ( nynorsk eller bokmål) nr. 240
  • Navnet Jesus blekner aldri nr.86
  • No livnar det i lundar nr. 844
  • No soli bakom blåe fjell nr. 821
  • Nærare deg min Gud/ Nærmere deg min Gud nr. 471
  • Nå er livet gjemt hos Gud nr 872
  • O bli hos meg nr 818 (nynorsk: Å ver hjå meg)
  • O store Gud når jeg i undring aner nr. 284
  • Se solens skjønne lys og prakt nr.812
  • Skriv deg, Jesus, på mitt hjerte nr.339
  • Store Gud vi lover deg nr 280
  • Syng for Herren sol og måne nr. 297
  • Så grønn en drakt nr.845
  • Så ta da mine hender (bokmål eller nynorsk) nr. 608/609
  • Takk min Gud for alt som hende nr. 849
  • Tenk når engang samles skal nr.684
  • Velt alle dine veier nr. 464 (nynorsk: Velt all din veg og vande)
  • Vær meg nær, O Gud nr. 626
  • Å, hvor salig å få vandre nr.890
  • Å leva, det er å elska nr. 666
  • Å salige dag som i håpet vi venter nr. 891

Andre songar som blir brukt

I tillegg til salmar er det i dei fleste kyrkje høve til å nytta desse to visene som for mange er svært kjære:

  • Den fyrste song
  • Gje meg handa di ven

Ved humanistisk gravferd

Kven bestemmer kva songar som skal nyttast?

Ei humanistisk gravferd har ingen faste innslag, men det er alltid høve til allsong. Det er eit krav at innhaldet ikkje er religiøst. Dei etterlatne kjem med ønskje om kva songar dei vil skal nyttast.

Nokre vanlege songar ved humanistisk gravferd

Som døme på allsong i ei humanistisk gravferd har me laga ei lita liste. Dette er forslag. Andre songar kan sjølvsagt veljast.

  • Gje meg handa di ven
  • Din tanke er fri
  • Å leva det er å elska
  • Vem kan segla förutan vind
  • I natt jag drömde något som
  • Lys og varme
  • Den fyrste song

Ved livssynsopne seremoniar

Kva songar kan nyttast?

Ein livssynssopen seremoni vil seia at dei etterlatne står fritt til å velja alt innhald sjølv. Ein er ikkje bunden opp til form og innhald, og kan velja både religiøst og ikkje-religiøst innhald. Då står ein fritt til å bruka både salmar, viser og anna. Sjå listene ovanfor om du treng idéar.

Songark til gravferda

Me tilbyr grafisk oppsett og trykk av songark. Du kan velja mellom mange flotte designmalar der eigne motiv kan setjast inn, og om du har lyst å sjå nærare på dette på eiga hand, så finn du ein oversikt her.

Har du spørsmål om dette med songar og salmar, eller synest du det er vanskeleg å planlegga? Ta kontakt, så hjelper me deg!