Gå til hovedinnhold Gå til footer

Planlegging av seremoni

24-timars open vakttelefon

I samband med dødsfall er det mykje som skal handterast, planleggast og gjennomførast. Stord begravelsesbyrå har 24-timars vakttelefon. Ein kan alltid ringa og avtala tid for samtale.

Den første kontakten

Den første kontakten med gravferdsbyrået er gjerne pr telefon. I denne samtalen vil gravferdskonsulenten stilla litt spørsmål for å høyra kva tankar dei etterlatne har gjort seg. Gravferdskonsulenten vil og notera seg personalia både på den avlidne og den som syter for gravferda, eventuelt den som skal vera kontaktpersonen inn mot pårørandegruppa.

Planleggingssamtalen

Ofte vert det avtala eit tidspunkt for eit fysisk møte. Det er fint å få setja seg ned saman. Planleggingssamtalen skjer som oftast i våre lokale, men kan og gjennomførast i heimen. I denne samtalen vil me orientera om det som må ordnast og me finn ut kva de ønskjer. Det kan kjennast overveldande å skulle ta stilling til mykje på relativt kort tid, men me tek det steg for steg, saman.

Oversikt over kostnader

Mot slutten av samtalen får de alltid ein fullstendig kostnadsoversikt, basert på val og ønskjer. I møte med Stord begravelsesbyrå skal du kjenna deg trygg og ivaretatt; også når det kjem til kostnader.

Samandrag av det me har avtala

Hos oss får du óg eit samandrag av møtet, der alt me har prata om og blitt einige om står. Dette er ein tryggleik for deg, og ein tryggleik for oss. Me har stor forståing for at det er mykje informasjon som vert lagt fram på kort tid. Ein kan verta usikker på kva det eigentleg var me blei einige om. På oversikta vil ein finna det skrive ned.

Det er ikkje alltid det høver å møtast. I dei høva finn me alternative løysingar. Det meste går an å ordna på telefon og e-post. Ta kontakt, så finn me løysningar.

Kontor inne E hender.jpg