Gå til hovedinnhold Gå til footer

Seremoniar

Me legg til rette for ulike typar seremoniar, etter ønske frå dei pårørande. Gravferdslova seier at ein skal ta omsyn til den avlidne sitt livssyn. Nedanfor kan du lesa meir om dei seremoniane som er mest etterspurt her hos oss, og me viser deg korleis me kan bidra i planlegginga.

Kyrkjeleg gravferd

Ei kyrkjeleg gravferd er ei gravferd frå eit kyrkjesamfunn. Gravferd frå Den norske kyrkja er bygd opp slik:

  • Klokkeringing
  • Preludium
  • Inngangssalme
  • Innleiande ord og bøn v/ presten
  • Minneord
  • Tekstlesing frå Bibelen
  • Salme før andakt
  • Andakt
  • Herrens bøn
  • Salme etter andakt
  • Postludium

Ei bisetting føregår mykje på same måte. Her skjer jordpåkasting inne i kyrkjerommet før ein går ut, og ein avsluttar utanfor kyrkja i staden for ved grava.

Humanistisk gravferd

Ei humanistisk gravferd er ein seremoni til minne om avdøde, men utan religiøst innhald. Ein nyttar eit egna lokale, til dømes kulturhus, kapell eller anna. Ein kan og vera utandørs om det passar, eller ein kan nytta heimen. Me kan bidra til å finna lokale som kan passa seremonitypen med tanke på antal deltakande etc. Human-etisk forbund tilbyr gravferdstalarar, og oppretter kontakt med forbundet på vegne av familien.

Ei tradisjonell humanistisk gravferd kan sjå slik ut:

  • Musikkinnslag
  • Diktlesing
  • Allsang
  • Minnetale
  • Musikinnslag
  • Blomehelsingar
  • Stille stund
  • Musikkinnslag

Livssynsopen seremoni

Ein livssynssopen seremoni vil seia at dei etterlatne står fritt til å velja alt innhald sjølv. Ein er ikkje bunden opp til form og innhald, og kan velja både religiøst og ikkje-religiøst innhald. Då står ein fritt til å bruka både salmar, viser og anna.

Ved ei slik gravferd er det dei etterlatne sjølv som står for regien og tek med dei elementer som for dei er viktige.

Dei fleste kyrkjer og livssyn har rom for eigne val og medverknad i sine gjennomføringar av gravferd.

For nokon vert likevel tilboda frå dei etablerte livsynsformene for snevre. Kan hende vil ein ha salmesong og bøner, men ikkje andakt? Kan hende vil ein berre spela av Beatles, men gjerne ha jordpåkasting?

Begge desse er døme på kombinasjonar av ønskje som verken, til dømes, Den norske kyrkja eller Human-etisk forbund vil kunna etterkoma. I slike høve vil ein livsynssopen seremoni passa fint.

Muslimsk seremoni

I følgje islamsk skikk og tradisjon skal gravlegging finna stad så snart som råd etter dødsfallet. Før gravlegging finn stad skal det gjennomførast seremoniell vask av den avlidne. Me legg til rette for at dette skal kunne gjennomførast med dei fasilitetane som er tilgjengeleg, og er tilgjengelege for praktisk gjennomføring der det er ønska.

I følgje islamsk skikk vert den avlidne svøpt og lagt direkte i jorda. Det er ikkje gjennomførbart i denne delen av verda, så ein nyttar difor kiste.

Gravplassane har eigen muslimsk gravlund og den avlidne vert gravlagd her, i retning Mekka.

Det vert lagt til rette for at gravferdsbønene kan framseiast, og det vert sett fram fleire spadar slik at dei frammøtte kan fylla att grava, slik skikken er.

Urneseremoni

For nokon høver det best å venta med seremonien til urna er klar etter kremasjonen. Ein vel då den seremoniforma som er aktuell. Dersom ein vel kyrkjeleg seremoni vert innhaldet det same som ved seremoni med kiste. Det same er gjeldande for til dømes Humanistisk gravferd eller anna religiøs/ livssynsseremoni.

Ingen seremoni

For nokon kjennest ikkje ein organisert seremoni riktig, eller viktig. Det er ulike grunnar til at eit slikt val vert tatt, men ofte er dette noko den avlidne ytra ønskje om før sin død. Andre gonger er det dei etterlatne som tek dette valet.

Sjølv om ein vel å ikkje ha ein seremoni, betyr ikkje det at ein ikkje kan ta avskjed eller ta del ved gravlegginga. Familie og vener kan vera tilstades på gravplassen når båra eller urna skal gravleggast.

Dersom avlidne var medlem av Den norske kyrkja kan prest vera med for jordpåkasting.