Gå til hovedinnhold Gå til footer

Spørsmål og svar

Me veit at det ofte er mange spørsmål som dukkar opp i samband med dødsfall og gravferd. Derfor vil me oppmoda deg til å ta kontakt med oss slik at du kan få avklart det du lurer på. Me er her for å ta litt av byrden for deg rundt alt det ukjende.

Samstundes veit me at for nokon kan det kjennast godt å få gjera seg kjend med noko av dette på eiga hand. Derfor har me samla nokre vanlege spørsmål under, og svart på dei.

Ikkje vér redd for å spørja oss om du heller vil det, eller om det framleis er noko som er uklårt. Me er her for deg.

Kva er det første som må gjerast etter eit dødsfall?

Når nokon døyr skal dødsfallet stadfestast av helsepersonell. Som oftast er det lege som fyller ut dødsattest. Dei etterlatne tek kontakt med gravferdsbyrå som vil bistå med gjennomføring av det som skal ordnast i samband med gravlegging. Når gravferdsbyrået vert kontakta vil me trenga nokre enkle opplysningar:

  • Namn og fødselsdato på den som er gått bort
  • Kvar dødsfallet er skjedd
  • Kven som er pårørande

Vidare vil ein prata litt om kva de tenkjer vedrørande syning ( det å få samlast rundt ei open båre), om de har tankar om eventuell seremoni. Ein vert og einige om kommunikasjonen skal skje på mail og telefon, eller om de ønskjer å treffast anten i våre lokale eller i heimen for ein samtale.

I dei høva der dødsfall skjer på institusjon vert tidspunkt for henting av avlidne avtala direkte mellom gravferdsbyrå og den aktuelle avdeling.

Om dødsfall skjer i heimen avtalar ein med dei etterlatne. Der politiet er involvert ( til dømes uventa dødsfall heime) erfarer me at det ofte er vanskeleg for familiar å vita kvar ein skal få informasjon i desse tilfella då det er mange ulike instansar involvert. Gravferdsbyrået kan her vera eit bindeledd mellom patologisk avdeling/ hentebyrå/ politi og familien.

Å festa ei grav tyder eigentleg å leiga ei grav. Dei første 25 åra etter gravlegging er gratis. Dersom ein ønskjer å festa grava vidare betalar ein festeavgift anten årleg, eller for 5 år om gangen. Det er festar som bestemmer kva tid grava skal slettast

Når nokon mister ein ektefelle, er det vanleg å tinga ei dobbelgrav. Dette er to graver som ligg tett ved sida av kvarandre, og som deler gravstein. Ein betalar festeavgift for den grava som ikkje er teken i bruk.

Når grava vert teken i bruk startar gratisperioden på 25 år. Gratisperioden vert kalla fredningstid. Det betyr at grava ikkje kan nyttast til gjenbruk (ny kistegravlegging) før det er gått minst 25 år.

Imidlertid kan grava nyttast til urnegravlegging (kremasjon). Ei dobbelgrav kan først slettast 25 år etter siste gravlegging. Festar har ansvaret for grava og er òg kontaktperson for gravplassadministrasjonen i kommunen.

Me gjer merksame på at i nokre kommunar er fredningstida lenger enn 25 år.

Dette er fastsett i gravferdslova kapittel 2 § 9: Personar over 18 år kan skriftleg fastsetja kven som skal syta for gravferda si. Ei slik stadfesting må vera signert og datert.Dersom ei slik stadfesting ikkje føreligg, er det følgjanda rekkjefølgje som er gjeldande:

  1. Ektefelle
  2. Barn
  3. Foreldre
  4. Barnebarn
  5. Besteforeldre
  6. Søsken
  7. Nieser/ nevøar
  8. Tanter/ onklar

Meir utfyllande om desse bestemmelsane kan lesast hos Lovdata.

Dersom det er usemje kring dette, vil avgjerdsla takast av kommunen. Denne avgjerdsla kan ikkje påklagast.

I dei høva der ingen vil påta seg ansvaret for gravferd, vil kommunen der avlidne var busett ved sin død, syta for dette. Kommunen kan krevja utgiftene for gravferda dekt av buet.

Her viser me til Lovdata sine sider for meir informasjon.

.

I mange tilfelle er svaret JA. Kommunane vil i dei fleste tilfelle ønskja at gamle graver vert nytta oppatt. Føresetnaden for gjenbruk er først av alt at fredningstida for grava er nådd. Festar av grava må óg gje løyve til bruk. Nokre gravplassar er omregulerte/ freda og dette må óg avklarast.

Gravplassmynde lokalt har fine ordningar der ein kan gå inn på avtale om stell av graver. Her har dei ulike alternativ, alt etter ønskje og behov. Ein tek kontakt med det lokale kyrkjekontoret.

Obduksjon vert i hovudsak delt i to grupper: Medisinsk og rettsleg obduksjon.Den rettslege obduksjonen er rekvirert av politiet, medan den medisinske er rekviret av sjukehus, fastlege eller likande. Pårørande kan óg be om obduksjon og dette ønskje vert som oftast etterfulgt.

I vår region er det Haukeland universitetssjukehus og Stavanger unvirsitetssjukehus som utfører obduksjonar. Alle rettslege obduksjonar vert utført i Stavanger og det er eit eige gravferdsbyrå som køyrer for politiet. Dei etterlatne tek kontakt med det gravferdsbyrået dei vil at skal bistå dei med gravferd uavhengig av dette. Gravferdsbyrået vil då på vegne av dykk følgja opp prosessen og dialogen med patologisk avdeling (der obduksjonen vert utført), transportbyrået og eventuelt politiet lokalt.

Medisinske obduksjonar vert som oftast utført på Haukeland. Då er det gravferdsbyrået etter familien sitt val som transporterer til og frå sjukehuset. Kostnaden vert ikkje belasta familien.

Bisetting er omgrepet ein ofte nyttar når båra ikkje umiddelbart vert gravlagd etter seremoni, men ført til krematoriet for kremasjon.

Etter bisettinga køyrer bårebilen til krematoriet. Krematoriet ligg på Møllendal i Bergen. Når krematoriet har fått klarsignal frå lensmann på dødsstaden, kan kremasjonen gjennomførast.

Aska vert samla i urne, og denne vert levert eller sendt til kyrkjeverge i den kommunen der urna skal gravleggast, eller der aska skal spreiast. I nokre tilfelle kan det avtalast at urna kan hentast direkte av pårørdane, men dette er unntaket.

Når kyrkjeverge har motteke urna, vert den som er oppført som ansvarleg for gravlegging kontakta. Dei pårørande kan då avtala tid for urnenedsetting. Dette må skje innan 6 månader frå dødsfallet jfr. Gravferdslova kap. 2 §12.

Dei fleste pårørande ønskjer å få vera tilstades, men det er og fleire som ikkje kjenner dette behovet. Dette avklarar ein direkte med kyrkjeverge.

Ja, i dei høva der kriteria for gravferdsstønad er oppfylt vil me søkje NAV om gravferdsstønad på vegne av pårørande. Gravferdsstønaden er behovssprøvd og i 2021 er høgste utbetaling ein kan motta kr. 25 377,-. Stønaden skal nyttast til å dekkja faktiske og naudsynte utgifter.

Gravferdsstønaden vert avkorta mot:

  • Netto formue
  • Utbetalingar frå forsikringar
  • Tenestepensjon som vert utbetalt til avlidne for månaden etter dødsfallet
  • Utbetalingar frå organisasjonar etc som vert utbetalt som følgje av dødsfallet

Når avdøde var gift eller sambuar ( som kan likestillast med ektefelle) vert gravferdsstønaden óg avkorta mot summen av avllidne og gjenlevande si samla finansformue.

Dersom avlidne var under 18 år vert gravferdsstønaden på kr. 25 377,- uavkorta utbetalt. Denne stønaden gjeld óg ved dødfødde.

Når eit menneske døyr skal buet, dvs midlar og gjeld etter vedkomande, gjerast opp. Å ta stilling til dette er for mange ein bøyg, som eit digert fjell å bestiga, med mange ukjende ord og uttrykk. Det kan vera vanskeleg å vita kvar ein skal starta og kvar ein skal henvenda seg først. Me er ikkje juristar, men med lang erfaring har me god kjennskap til systemet og kan vera guide i eit ukjend landskap.

Privat skifte: 

I Noreg, i motsetning til mange andre land, er det vanleg å skifte buet privat.

Å skifta buet privat vil enkelt seia at arvingane tek på seg ansvaret med å sjølve gjera opp, utan innblanding frå det offentlege. Arvingane tek på seg både gjeld og formue.

Ordninga er basert på tillit. Arvingane skriv under på at dei tek over buet. Det er vanleg å gje ein i arvegruppa fullmakt til å ordna det praktiske i buoppgjeret.

Denne ordninga er kostnadsfri, men krev eigeninnsats.

Offentleg skifte: 

Dersom det ikkje er tillit i arvegruppa, ingen vil påta seg arbeidet med buoppgjeret, buet er komplisert eller liknande, kan ein velja offentleg skifte.

Ofte då vert ein advokat oppnevnt som bubestyrar.

Dette er relativt kostbart og tidkrevjande. For nokre er det likevel det rikige å gjera.

Uskifte:

Å sitja vidare i det som vert kalla uskifte er noko ein gjenlevande ektefelle har rett til så lenge det ikkje er særkullsbarn. Ein treng ikkje godjenning frå felles barn for å velgje dette.

Ved å sitja i uskifte forvaltar den gjenlevande ektefellen fars- eller morsarven til barna utan å måtte dela ut arv. Arveoppgjeret vert utsett til den gjenlevande går bort.

Det er fleire begrensningar ved denne ordninga, men for mange, helst godt vaksne, er dette ei god løysing.

Bu med liten verdi 

I dei høva der verdien i buet er antatt å vera svært avgrensa, kan ein nytta ein forenkla framgangsmåte: Erklæring om oppgjer av dødsbu av liten verdi.

Tingretten kan gje fullmakt til den som syter for gravferda til å ta hand om buet. Den som får fullmakt må gjera opp rekningar og gjeld etter beste skjønn, innanfor midlane i buet.

Gravferdsutgiftene skal dekkast før anna gjeld.