Gå til hovedinnhold Gå til footer

Kostnader

Dei etterlatne har alltid høve til å gjera sine eigne personlege val med tanke på gjennomføring av gravferd og gravlegging. Det gjer at å setja fastpris på ei gravferd ikkje så lett kan gjerast.

Kva kostar ei gravferd?

Ofte kjem spørsmålet: Kva kostar ei gravferd? Då må ein gjerne stilla spørsmål tilbake: Kva type kiste skal nyttast? Kor mange aviser skal det annonserast i? Kor mykje blomar skal bestillast? Alle desse faktorane, og fleire, spelar innpå totalkostnaden for gravferd.

Ryddig og oversiktleg

Me legg vekt på at du til ei kvar tid skal ha oversikt over dei avtalte kostnadane. Me gir eit oversiktleg kostnadsoverslag etter første samtale, basert på val og ønskjer, og du skal vera trygg på at me alltid gir deg høg kvalitet til ein fonuftig pris.

“Du skal vera trygg på at me alltid gir deg høg kvalitet til ein fonuftig pris.”

Prisdøme 1:

Komplett kistegravferd

Nedanfor er priseksempel for ei komplett kistegravlegging med seremoni for person over 18 år som døyr på institusjon og vert gravlagd i heimstadkommunen sin.

Prisane er gjeldande pr. 01.08.2023.

Prisen inkluderer naudsynt rapportering av informasjon til myndigheiter. Prisen inkluderer døgnvakt 24t, informasjon om hhv refusjonsrettar, gravstad og skiftepapir, og oppretting og handtering av minneside, samt følgjande:

  • Kiste m/ utstyr frå kr. 6400,-
  • Frambringing av tom kiste til dødsstaden
  • Nedlegg i kiste
  • Materiell ved nedlegg, inkludert hygieneartiklar
  • Bårebil for overføring til bårerom innan ei strekning på 20 km, medrekna mannskap
  • Assistanse gravferdsdagen
  • Utstyr i seremoni ( lys, stativ, tepper etc)
  • Samtale og kontorarbeid: utfylling og utskrifter av informasjon oa ( 2-10 timar), tilrettelegging og koordinering av seremonien
  • Byråets honorar: Dette er kostnader knytt til husleige, rekneskap, revisjon og anna
  • Informasjon vedrørande skiftepapir *
  • Sangprogram til bruk i seremoni, inntil 50 stk

Faktorar som kan føra til auka utgifter:

  • Annonser
  • Blomar
  • Val av anna type kiste
  • Skjorte/ bluse i kista
  • Påkledning av anna tøy etter nedlegging i kista
  • Eventuelle ekstra laken
  • Tiltak dersom ekstra tung
  • Tillegg for ekstra stor kiste
  • Assistanse ved fleire seremoniar
  • Bårebilen i bruk fleire gongar
  • Overføring til krematoriet (som oftast NAV-refusjon)
  • Utsending med fly/ tog etc, og tiltak for å imøtekoma krav frå flyselskap (emballering etc)
  • Ta bort pacemaker
  • Utrykking kveld, natt og helg
  • Klargjering og utskrifter av papir vedr kremasjon
  • Dersom kremasjon: kremasjonsavgift, urne og sending av urne
  • Anna trykksak (eige bilete, anna kvalitet etc)
  • Gravstein (inngravering på beståande gravstein, ny gravstein)

Ved overføring over lengre distansar, er prisen på mannskap frå kr. 790,-/t til 1450,-/t. Pris bårebil frå kr. 890,- til 2200,-. Tillegg pr km: frå kr. 14,- til kr. 28,-. Eigenandel ved Nav-refusjon: kr. 2601,-, er inkludert. Bruttoprisen vil endrast dersom transportrefusjon tilkommer frå NAV, men nettosummen for pårørande å betala vil vera uendra.

 

Frå kr 29.750,-

 

Prisdøme 2:

Komplett gravferd inkl. gravstein

Nedanfor er priseksempel for ei komplett, men likevel kostnadsbevisst kistegravlegging med seremoni, inkludert gravstein, for person over 18 år som døyr på institusjon og vert gravlagd i heimstadkommunen.

Prisane er gjeldande pr. 01.08.2023.

Prisen inkluderer naudsynt rapportering av informasjon til myndigheiter.Prisen inkluderer døgnvakt 24t, informasjon om hhv refusjonsrettar, gravstad og skiftepapir, og oppretting og handtering av minneside, samt følgjande:

  • Kiste frå kr. 6400,-
  • Frambringing av tom kiste til dødsstaden
  • Nedlegg i kiste
  • Materiell ved nedlegg, inkludert hygieneartiklar
  • Bårebil for overføring til bårerom innan ei strekning på 20 km, medrekna mannskap
  • Assistanse gravferdsdagen
  • Utstyr i seremoni ( lys, stativ, tepper etc)
  • Samtale og kontorarbeid: utfylling og utskrifter av informasjon oa ( 2-10 timar), tilrettelegging og koordinering av seremonien
  • Byråets honorar: Dette er kostnader knytt til husleige, rekneskap, revisjon og anna
  • Informasjon vedrørande skifte
  • Sangprogram til bruk i seremoni, inntil 50 stk
  • Gravstein levert til gravplass, modell 117 inkl eitt namn

Faktorar som kan føra til auka utgifter:

  • Annonser
  • Blomar
  • Anna kiste
  • Skjorte/ bluse i kista
  • Solist
  • Påkledning av anna tøy etter nedlegging i kista
  • Eventuelle ekstra laken
  • Tiltak dersom ekstra tung
  • Tillegg for ekstra stor kiste
  • Assistanse ved fleire seremoniar
  • Bårebil og mannskap ved overføring frå seremoni til gravstad der dette er naudsynt
  • Overføring til krematoriet (som oftast NAV-refusjon)
  • Utsending med fly/ tog etc, og tiltak for å imøtekoma krav frå flyselskap (emballering etc)
  • Ta bort pacemaker
  • Utrykking kveld, natt og helg
  • Klargjering og utskrifter av papir vedr kremasjon
  • Dersom kremasjon: kremasjonsavgift, urne, sending av urne, og eigendandel på transport kr. 2740,-
  • Anna trykksak (eige bilete, anna kvalitet etc)
  • *Ved henting i heimen: pris etter medgått tid og personell
  • Montering av gravstein, tilval til gravstein, anna gravstein etc

Ved overføring over lengre distansar, er prisen på mannskap frå kr. 790,-/t til kr. 1750,-/t. Pris bårebil kr. 890,- til kr.2200,-. Tillegg pr km: frå kr. 14,- til kr. 28,-. Eigenandelen på kr. 2740,- er inkludert dersom berettiga transportrefusjon frå NAV. Bruttoprisen vil endrast dersom transportrefusjon frå NAV, men nettosummen for pårørande å betala vil vera uendra.

 

Frå kr 42.500,-

 

Prisdøme 3:

Kistegravferd utan seremoni

Nedanfor er priseksempel gravlegging utan seremoni for person over 18 år, som både døyr og vert gravlagd i kommunen han var busett.

Prisane er gjeldande pr. 01.08.2023.

Prisen inkluderer naudsynt rapportering av informasjon til myndigheiter, informasjon om gravstad, informasjon om skifte, samt følgjande:

  • Kiste enkel utføring
  • *Klargjering og frambringing av kista til dødsstaden
  • Nedlegg i kista
  • Materiell ved nedlegg, inkludert hygieneartiklar
  • Bårebil for overføring til bårerom innan ein strekning på 20 km, medrekna mannskap
  • Kontorarbeid: naudsynt utfylling og utsending av skjema og anna, for tilrettelegging og koordinering av gravlegging/ kremasjon
  • Honorarer, delprist: Avgiftspliktig del inkluderer administrative kostnader. Avgiftsfri del av honorar: kostnader knytta til husleige, rekneskap, revisjon og anna
  • Digital dødsannonse på våre minnesider

Faktorar som kan føra til auka utgifter:

  • Anna kiste
  • Skjorte/ bluse i kista
  • Påkledning av anna tøy etter nedlegging i kista
  • Eventuelle ekstra laken
  • Tiltak dersom ekstra tung
  • Tillegg for ekstra stor kiste
  • Assistanse ved seremoni ( båreandakt, syning etc)
  • Bårebil og mannskap ved overføring til gravstad der dette er naudsynt
  • Overføring til krematoriet (som oftast NAV-refusjon)
  • Utsending med fly/ tog etc, og tiltak for å imøtekoma krav frå flyselskap (emballering etc)
  • Fjerna pacemaker
  • Utrykking kveld,natt og helg
  • Klargjering og utskrifter av papir vedr kremasjon
  • Dersom kremasjon: kremasjonsavgift, urne og sending av urne
  • Gravstein (oppussing av eksisterande, evt kjøp av nytt gravmine)
  • Bistand ved søknad om oskespreiing
  • Søknad om refusjon frå NAV
  • Utfylling av skiftepapir
  • Annonser i avis

 

Frå kr 19.460,-

 

Prisdøme 4:

Komplett gravferd med tilval

Vår oppgåve i Stord begravelsesbyrå er å lytta til dei pårørande sine ønskje og i den grad det er mogleg tilrettelegga for desse.

Ved ønske om større grad av tilrettelegging er Komplett gravferd med tilval eit godt utgangspunkt.

Prisen ovanfor blir då å sjå på som ein startpris. Me gir eit oversiktleg kostnadsoverslag basert på dykkar val og ønskje i løpet av første samtale.

 

Frå kr 39.750,-

Les meir om kva som påverkar prisane:

Prisane vil variera ut frå kor mykje ein legg i dei ulike punkta under.

Kiste, stell og nedlegg i kiste

  • Kiste - her varierer prisane. Du kan sjå utvalet vårt her.
  • Stell og nedlegg i kista

 Transport

  • Frambringing av tom kiste til dødstad eller til oppbevaringsstad 
  • Bringing av den døde med bårebil, på båre, fra dødstad til oppbevaringsstad. Assistert av 2 pers à 1t - 4t
  • Transport frå oppbevaringsstad til seremonisted med bårebil, assistert av 2 personer à 1t - 2t* 
  • Transport av utstyr og mannskap til seremoni 
  • Transport av avdøde etter seremoni når det er naudsynt, t.d. til grava

*Dersom seremonien vert halden i eit kapell med tilhøyrande bårerom, vert her ingen ekstra transportkostnader. Dersom kista må køyrast til bårerom/ seremonistad, tilkjem transportkostnader.

Seremoni

  • Mannskap assistert av 1-2 personar gravferdsdagen/ gravferdsseremoni frå á 2,5t - 6,5t
  • Handtering av blomar på gravferdsdagen
  • Utstyr til bruk i seremonien: Teppe, krakkar, lys og lysestakar, stativ o.a.
  • Kvalitet og tal på trykte program
  • Kistedekorasjon

Annonser

  • Dødsannonser
  • Takkeannonser

Honorar og gebyr

  • Avgiftspliktige honorar til byrået, inkl avgiftspliktige administrasjonskostnadar*
  • Avgiftsfrie honorar til byrået, inkl. tilrettelegging*

Honorar dekker kostnader knytt til husleige, rekneskap, revisjon, materiell o.a.

Andre tillegg

  • Song eller musikkinnslag
  • Blomar ved overføring frå dødsstad
  • Kommunale avgifter ved familiegrav
  • Kremasjonsavgift (Stord kommune gir refusjon ved kremasjon, kalla kremasjonsbidrag, som kjem som fråtrekk til kremasjonsavgifta)
  • Minnesamvær/ lokaler-leige 
  • Gravstein og inskripsjonar. Sjå meir om gravminne her.

Kapittel 4 i Prisopplysningsforskrifta omhandlar gravferdstenester. I kapittel 4 §16 står det: Prisoversikten skal inneholde minimums- og maksimumspriser for varer og tjenester som gravferdsbyrået leverer eller formidler. Minimums- og maksimumsprisene skal summeres hver for seg, slik at laveste og høyeste totalsum fremgår. Disse kan du sjå her.

Ta kontakt med oss for eit møte, så finn me ei god løysing for den gravferda du vil planlegga.