Gå til hovedinnhold Gå til footer

Om oss

Stord begravelsesbyrå er ei familiebedrift i 3. generasjon. I dag er det me to, Leif Arne Milje og Eilen Milje Helmersen, som står for den daglege drifta. Med på laget har me dyktige folk slik at Stord begravelsesbyrå til ei kvar tid kan ivareta og følgja opp dei oppgåvene som følgjer med. Les gjerne historia vår nedanfor.

Visjonen vår

Me i Stord begravelssbyrå stiller oss audmjuke i møte med familiar i møte med død, sorg, sakn og krise. Me trur ikkje at me kan letta den børa det er å sørga.

Likevel vonar me å vera ein vegryddar; Å vera ein som kan rydda vekk nokre av dei store steinane som stundom ligg der og gjer vegen ekstra tung og krevjande. Å vera ein som kan peika på lure stigar, ein som med kjennskap til kartet kan sei «hei, her kan du setja foten trygt».

Og så, før ein veit ord av det har ein gått nokre steg, har ein klart å setja ein fot framom den andre. Eit lite stykke...

Historia vår

Slik starta det

Det heile starta på 1960-talet, då Hjørdis og Einar Engelsen overtok butikken til frøken Åsly i Borggata. Mellom eit breidt utval av varer leverte ho óg kister frå ein lokal snekker. Dette var ei teneste som dei to fortsatte å tilby.

På den tida var det ikkje eit eige gravferdsbyrå på Stord; dei sjukehustilsette la dei døde over i kiste medan kommunen hadde ein gammal bil som vart disponert som likbil.

Nytt ansvar

Ein dag i 1963 fekk herr og fru Engelsen telefon frå Stord sjukehus med spørsmål om dei kunne ta over arbeidet med å stella og leggja i kiste. Kapasiteten på sjukehuset var ikkje lenger tilstades. Dette sa dei ja til.

Samstundes fekk dei ta over bilen frå Stord kommune, men bilen var i ein slik forfatning at når det regna draup det inn på sjåføren. Ny bil måtte difor skaffast.

Sydde alle teppa

Arbeidsfordelinga mellom Hjørdis og Einar var gjerne slik at ho hadde samtalane med pårørande, og han han køyrde bilen. Dei hadde stundom, etter forholda, lange transportar innover i Kvinnherad, Fusa og Tysnes. Dagane, og nettene, kunne vera lange.

Saman stelte dei den avdøde og la over i kiste. Hjørdis, snart 94 år, fortel at i tillegg til dette arbeidet og den daglege drifta av byrået, og butikken, sydde ho alle teppe til kistene.

Dette var ein stor jobb. Før dei reiste på ferie måtte ho sørga for å ha sydd opp eit godt lager slik at det ikkje skulle gå tomt medan dei var borte.

Nye generasjonar

Leif Arne Milje, opprinneleg frå Karmøy, gifta seg med Mariann Engelsen, dotter til Einar og Hjørdis Engelsen. Dei flytta til Stord i 1984, og i 1987 overtok dei Stord begravelsesbyrå.

Eilen, dotter til Mariann og Leif Arne, starta så smått i byrået i 2013. I starten kombinerte ho arbeidet med stilling som bioingeniør. Hausten 2016 starta ho i fulltidsstilling i byrået og har sidan den tid arbeidd side om side med Leif Arne.

Frå å stort sett handla om transport av avdøde og enkel tilrettelegging, er tilbodet over mange år utvida til eit breitt spekter av tenester. I dag tilbyr me ei rekkje praktiske tenester i samband med dødsfall og gravferd, slik at det kan bli ei bør mindre i alt.

Praktiske opplysningar

  • Namn på føretaket: Store Begravelsesbyrå L A Milje
  • Dagleg leiar: Leif Arne Milje
  • Adresse: Sæ 20, 5417 Stord
  • Telefonnummer: 534 16 405
  • E-post: post@stordbb.no
  • Organisasjonsnummer: 927 428 989

Medlem av VIRKE

Som medlem i bransjeorganisasjonen Virke Gravferd, forpliktar me oss til å

Ansatte

Kontor Inne LA 3 Edit

Gravferdskonsulent

Leif Arne Milje

Portrett Tre E 1 2

Gravferdskonsulent

Eilen Milje Helmersen