Tekniske problem:
Vår leverandør av minneside har for tida tekniske problem. Våre komande gravferder er:
Celine Ask Sele f. 02.08.1997 d. 08.10.2025 Gravferd Stord kyrkje torsdag 16.10 kl. 10.30
Torolf Larsen f. 16.03.1937 d. 10.10.2025 Bisetning Fitjar kyrkje 17.10 kl.13.00
Anna Hope f. 22.09.1924 d.07.10.2025 Gravferd Nysæter kyrkje i det stille
Erna Evelyn Iversen f.30.11.1933 d. 09.10.2025 Bisetning Stord kyrkje torsdag 23.10 kl. 13.00
Stord begravelsesbyrå er ei familiebedrift i tredje generasjon. I dag er det me to, Leif Arne Milje og Eilen Milje Helmersen, som står for den daglege drifta. Med på laget har me dyktige folk slik at Stord begravelsesbyrå til ei kvar tid kan ivareta og følgja opp dei oppgåvene som følgjer med. Les gjerne historia vår nedanfor.
Me i Stord begravelssbyrå stiller oss audmjuke i møte med familiar i møte med død, sorg, sakn og krise. Me trur ikkje at me kan letta den børa det er å sørga.
Likevel vonar me å vera ein vegryddar; Å vera ein som kan rydda vekk nokre av dei store steinane som stundom ligg der og gjer vegen ekstra tung og krevjande. Å vera ein som kan peika på lure stigar, ein som med kjennskap til kartet kan sei «hei, her kan du setja foten trygt».
Og så, før ein veit ord av det har ein gått nokre steg, har ein klart å setja ein fot framom den andre. Eit lite stykke...
Stord Begravelsesbyrå tilbyr tenester i heile Sunnhordland.
Me har kontor og steinutstilling på Fitjar, Halsnøy og Tysnes, i tillegg til hovudkontoret på Stord.
Nyheter